Skal me måtta betala for nyheiter? Klart me skal.
Ytring - Lasse S. Andersen
I desse krisetider er det eit stort behov for store mengder med riktig informasjon. Me er alle klar over at me må halda oss oppdaterte på slike krisesituasjonar, men likevel er det kun ein av tre nordmenn som er villige til å betala for nyheiter. Problematisk? Svært.
Uansett kvar eg oppheld meg i verda, om det er langt inne i den australske regnskogen eller på jobb i Zara Karl Johan, høyre eg alltid den same diskusjonen om «kvifor skal eg lesa nyheitene» og «kvifor skal eg betala for nyheiter». Uviljen til å betala for gode nyheiter ligg i dei fleste, uansett kvar i verda ein er. Dette kom tydeleg fram i fjorårets Reuters Institute Digital News Report, ein omfattande rapport om nyheitsforbruket i 38 land, inkludert Noreg. I rapporten ligg Noreg på fyrsteplass i nyheitsforbruk, da 34% av nordmenn betale for nyheiter. Samanlikna sett er det ein positiv utvikling her heima, men i realiteten er det for lite, særlig når 34% er det høgste på verdsbasis.
Viktig for demokratiet
Som masterstudent i journalistikk er det klart at eg har eit anna forhold til journalistikk, nyheiter, og samfunnet generelt ettersom mykje av tida vert nytta til nettopp dette temaet. Det er ikkje gjennom studiane at journalistikkens rolle har blitt tydelegar for meg, det er heller at eg no innser at den kanskje ikkje er så tydeleg for dei aller fleste. Journalistikken er her for å informera oss om kva som skjer i samfunnet, om politikken, økonomien, kulturlivet, og alt som er i mellom. «The safeguards of public liberty» som det så fint vert kalla på engelsk.
Journalistikken er her for at me skal kunna ta informerte avgjersler under kommune- og stortingsval, og ikkje minst under folkeavrøystingar. Løgner, bedrag, og falske nyheiter spreier seg som influensa i vintermånadane når det val. Det er derfor viktig at me som samfunnsborgarar kan stola på at det me les er riktig. I 2016 såg me fleire stader kor gale det kan gå når falsk informasjon vert grunnlaget for demokratiske avgjersler.
I desse koronatider er det kanskje enda viktigare at me held oss oppdaterte. Rikeleg med kunnskap er det som skal til skal ein kunne stoppa spreiinga av viruset. Likevel er det mange som ikkje tar det seriøst, som ikkje høyre på kva myndigheitene seie om situasjonen. Det er desse individa eg møtte på jobb før påske. Dei som ikkje haldt seg heima, dei som ikkje kunne fatta kvifor ein skal betala ein hundrelapp i månaden for «overdriving» av ei lita forkjøling.
Journalistikk vs. underhaldning vs. sosiale media
Det same argumentet vert nytta i andre samanheng også. Kvifor betala fleire hundre kroner i månaden for kjendisnyheiter, intervju med sexologar, og «clickbait». Kvifor skriv ein artiklar om slikt kan ein jo spørja, men kanskje det er det folk likar å lesa, det som gir flest likes på Facebook, og mest reklameinntekter? Det understrekar i alle fall situasjonen mediehusa står ovanfor no: folk vil bli underhaldt, ikkje oppdatert.
Ikkje leser me nyheiter som me pleidde heller. Dei fleste av oss startar dagen med å sjekka eit ymse utval av sosiale media, ikkje nyheitssidene. Her druknar god journalistikk i eit hav av «glade nyheiter», tabloid gossip, og falske nyheiter. Det er Facebook som vert nytta mest av nordmenn, uansett aldersgruppe. Og sjølv om etablerte nyheitssider har eit klart nærvær der, er det av enkelpersonar og i grupper blant «likesinna» at missinformasjonen spreiar seg. For det er jo ofte det er opinionsleiarar som har den største innverknaden på folk flest, altså dei som ikkje har klare politiske eller samfunnsmessige interesser. Desse opinionsleiarane er også ofte dei mest høglydte og minst imøtekommande for nye idear. Problematisk blir det når desse ikkje blir satt spørsmål til.
Me burde alle ta eit tak, særlig no i krisetid, å ta litt i frå «streaming»-budsjettet og bruka det på papiraviser eller nettaviser, kanskje særlig lokalaviser, for det er dei som treng det mest og som me er heilt avhengig av. Utan avisene, utan god journalistikk, så kan ikkje me som samfunnsborgarar gjera det me er plikta til: å ta aktivt del i demokratiet. Det verkar som om folk har ei vrangførestilling om at demokratiet skal jobba for dei, men i realiteten er det me som må jobba for demokratiet. Kjøp aviser, betal for abonnement, og ta del i samfunnet.