Another Brick In The Payment Wall
Artikkel - Paula J. Ullaland
Sakte men sikkert har fleire av dei største podkastane i Noreg kryssa elva, hoppa over muren og flykta over grensa. Kan det vere fordi graset er grønare på den andre sida? For den over gjennomsnittet podkast-interesserte har det kanskje ikkje kome som eit sjokk, men no er det altså eit faktum. Utanom NRK sine podkastar, flyttar fleire av dei aller mest populære podkastane bak betalingsmurar som PodMe og Podimo. Korleis vil dette påverke marknaden, og er folk villige til å betale for enda ei medieteneste?
Og apropos murar; Vestmuren, kanskje betre kjend som Klagemuren i Jerusalem blir rekna for å vere jødedommen sin helligaste stad. I 1989 fell Berlinarmuren og blir med dette ein viktig faktor for slutten av den kalde krigen. Under den 45. president i USA blir valløftet om muren mot Mexico ein grunnstein i eit elles fire år langt mørkt kapittel i amerikansk historie. I 2021 står verda igjen framføre ein ny og avgjerande mur.
Betalingsmuren er eit faktum
Det siste halvåret har nyhende om at fleire av dei største podkast-profilane i Noreg går over til nye beitemarker hjå mediehuset Schibsted. I løpet av sommarferien er det tydeleg. No skal også podkastar vere noko ein skal betale for. Betalingsmuren er eit faktum.
Podkastar har heilt sidan starten vore eit ganske tilgjengelig medium på den måten at både proffe aktørar og amatørar har kunne lage og publisert innhald. Ifølgje Apple var det i 2018 produsert 550.000 forskjellige podkastar på hundre ulike språk verda over.
Det er likevel ikkje akkurat hemmeleg at for nokre av dei største podkastane her til lands, har det vore ein lukrativ inntektskjelde. Liveshows, reklamer og merch har ikkje akkurat vore vanskeleg å tene pengar på. TV-aksjonen burde kanskje tenke på dette til neste år, med nokre reklamer for sminkeleverandørar på nett, matkasser og ironisk nok lydboktenester (med betalingsmur), er dei fleste innsamlingsmål innan rekkevidde. Ein seier gjerne at mykje vil ha meir, og denne gongen kan det verke som at podkastmakarane har fått blod på tann.
Ein Skavlan-reprise
Ein kan sjølvsagt lure på kvifor ein no har valt å setje podkastar bak betalingsmurar. Og det vil i tida framover vere interessant å sjå om det er ei vellukka avgjersle, eller om vi står framføre nok ein Skavlan-flopp. Grunnar podkastens suksess i det faktiske innhaldet eller handlar det eigentleg om at det har vore eit lett tilgjengeleg tidsfordriv. For Skavlan enda eventyret med sistnemnte. Det viste seg at studio i New York og svorsk ikkje var grunnen til at folk skrudde på tv-skjermane, helg etter helg, men i heller av vane og tradisjon for Gullrekka
Konspirasjonar for framtida
Om desse betalingsløysingane vil påverke dei podkastane som ikkje ligg under mediehusa sine beskyttande venger gjenstår enda å sjå. Alle med ein smarttelefon kan i realiteten produsere sin eigen podkast, men ikkje alle kan tene millionar. Store kjeder som Espresso House og McDonalds har forsynt seg rikeleg av den store kaka som er bybiletet, medan uavhengige bedrifter slit med å halde hovudet over vatnet. Det å setje dei aller mest populære bak betalingsmur vil kanskje gjere det mindre attraktivt for annonsørane å kjøpe plass hjå dei mindre. Kanskje vil vi sjå ei liknande utvikling der dei podkastane som allereie er populære og har støtte frå store mediehus og betalingsløysingar auke, medan det blir vanskelegare for nye og uavhengige å slå gjennom.
Desse konspirasjonane kan de få gratis av meg til neste episode, Konspirasjonspodden!