Kva skjedde med populistpartiet for dei yngste?

Artikkel - Lasse Styve Andersen

Populismens ungdomsgruppe Generasjon identitet hadde momentum, men har i løpet av eit år mista svært mykje innverknad. Kven var dei, og kva skjedde?

Skjermdump av Generasjon identitets logo.

Skjermdump av Generasjon identitets logo.

Me skal til Frankrike, ytringsfridommens og det moderne demokratiets heimland. Nærare bestemt til Lille, ein nokså ofte oversett kultur-by i den nordlige delen av Frankrike. Her har bl.a. den danske journalisten og forfattaren, Rasmus Hage Dalland, møtt opp for å komme nærare på Europas nye ytre høgre. Dei har samla seg i Lille i anledning veljarmøte til Frankrikes kvinnelege svar på Carl I. Hagen, Marine Le Pens populist parti Rassemblement National, da kjend som Front National.

Marine Le Pens yngre fanbase kallar seg sjølv Génération identitaire, altså generasjon identitet (GI), ei populistisk gruppe for ungevaksne. Det er desse Dalland har møtt opp i Lille for å snakke med. Dalland skriv nemleg bok om generasjon identitet og har reist gjennom Europa på utkikk etter medlemmar. Desse skal visa seg å vera vanskeleg å få tak i. GI er på toppen av deira popularitet, men likevel trår dei varsamt fram. Det er viktig å unngå uheldig framstilling. Leiarane av GI er svært selektive om kven som får intervjua dei.

Fokus på kommunikasjon

GI er svært opptatt av korleis dei kommuniserer, som forøvrig er ein eigen form for populisme. For det er slik at generasjon identitet er ei meir fin-polert høgre-ekstrem gruppe enn det me er vant med å sjå. Gløym førestillingar om overvektige Trump-tilhengarar eller skinheads, desse er meir bevisst i måten dei kommuniserer og framstiller seg på. Populistisk kommunikasjon er ofte retta mot folket, det eigentlege folket, da særlig i ei verd fylt med grupper som trugar folket og deira identitet.

For GI er det sosiale media som gjelder. Det er slik rekrutteringa føregår; på nett. Det er viktig at dei GI har kontakt med, kan sendast ein plass, frå forum eller chatterom til ein plattform der dei har eit aktivt nærvær. Innlegga på sosiale medium har vore av høg kvalitet. Skal det takast og leggast ut bilete av GI sine aksjonar er det svært mange kriterier som skal nåast; bl.a. at alle skal sjå bra ut. Det skal skapast eit ideal. Ei kjensle av tilhøyrsle og felles identitet. Noko ungevaksne kan kjenne seg igjen i.

Skjermdump av liste over nedlagte sosiale media kontoer frå counterextremism.com

Skjermdump av liste over nedlagte sosiale media kontoer frå counterextremism.com

Arrangementa deira skal også appellera til ungdommen. Med bl.a. videoar av flotte ungevaksne på treningsleire, er det eit bilete av fellesskap som skal skapast. Her lærer dei, som Politico skriv, å forsvare seg sjølv mot trugslar mot den kvite identiteten. Altså radikalisering pakka godt inn som motivasjonsvideoar.  

Sjølv om GI tar aktivt avstand frå rasisme og vold er det mykje som tyder på noko anna. I ein dokumentar frå Al Jazeera, Generation Hate, ser me tydeleg at oppmøte av GI ofte fører til voldelege samanstøyt. I ein video ser me at fleire medlemar trakasserer unge muslimar og oppfordrar til vold mot innvandrarar. Dette tilfellet skjedde i byen Lille. Samstundes har deira tyske søstergruppe ofte blitt sett ilag med nynazistar og vore aktivt del av høgre-ekstreme åtak.

“Og dermed var det ingen…”

Men det var da, kva med i dag? Dalland reiste heim til Danmark, gav ut bok, så vart det stille frå GI. Facebook slo hardt ned på GI og deira mange facebookgrupper tidlegare i år. Nettstadene deira er vart tatt ned, kun ei handfull av dei ar framleis aktive, med nyheitsliknande innlegg, sjølvsagt skrivne av anonyme. Nokre er det berre framsida igjen av. Twitterkontoer er tatt ned, så vel som på alle andre sosiale plattformer. Identiteten til Generasjon identitet er på mange måter revet til grunnen. Sjølve rekrutteringsplattformen er røska vekk frå dei.

Har dette betydd slutten for GI, kun fordi mediegigantene satte ned foten? Tvilsomt, men kanskje har utestenging frå sosiale media, samstundes som pandemien gjer det vanskeleg å rekruttera mannen i gata, gjort sitt.