"Førstegangstjenesten" er tilbake!

Herman Flesvig er tilbake med suksess-serien Førstegangstjenesten.  Opphavsrett: NRK / Foto: IMDb

Herman Flesvig er tilbake med suksess-serien Førstegangstjenesten.
Opphavsrett: NRK / Foto: IMDb

Anmeldelse - Lars D. S. Tenfjord

Humorkongen Herman Flesvig serverer publikum ein solid porsjon galskap i dei nye episodane av “Førstegangstjenesten”.

Enorm suksess
Etter elleville sjåartal og straumerekord på NRK TV, var det knytt store forventningar til dei nye episodane av suksess-serien “Førstegangstjenesten”. No ligg alle 12 episodane ute på NRK sine nettsider, og Herman Flesvigs humortog dundrar vidare som aldri før.

NRK har openbart leita fram sjekkhefte, for i dei ti nye episodane av “Førstegangstjenesten” er alt både større og betre. Herman Flesvig blir komplimentert av ein glitrande produksjon, og både lys og lyd, og regi og manus er fleire hakk opp. Dette er sjølvsagt ikkje så rart då dei to første episodane berre var pilotar, men med tanke på dei enorme forventingane åt publikum, var fallhøgda likevel stor både for Flesvig og NRK.

Forventningane må kunne seiast å vere innfridd, og Flesvig verkar å ha funne ei humornerve hos det norske folk. Med eit heilsprø skreve manus, og Flesvigs evner som fysisk komikar og improvisator, får serien ein herleg galskap som er svært underhaldande.

Overtenning
Av og til bikkar det riktig nok litt over, og for underteiknande er særleg den kåte og grovkjefta karakteren Tanja-Laila Gaup i overkant karikert og prega av “bæsj og promp-humor”. Men det skal Flesvig i alle fall ha; i “Førstegangstjenesten” finn ein humor for einkvar smak.

Best er likevel Flesvig når karakterane er lett å kjenne att, og både krigsentusiasten Ahre-Ketil Lillehagen, den identitetsforvirra Ola Halvorsen og den bortskjemte russen Preben Lohrengren minnar mykje om folk ein kan ha møtt på.

Herman Flesvigs karakter Tanja-Laila Gaup er i overkant karikert. Foto: NRK.

Herman Flesvigs karakter Tanja-Laila Gaup er i overkant karikert. Foto: NRK.

Særlig Halvorsen er ein genial og original parodi, som stend for mange av seriens artigaste augeblikk. Demonstrasjonen av korleis gutta boys frå Haugenstua driv med nærkamp er det Jim Carrey-klasse over.

I lag med Halvorsen er også Lillehagen-karakteren veldig sterk. Der Gaup og Lohrengren skapar mest anerkjennande nikk og humring hos meg som sjåar, bryt latteren ut med jamne mellomrom når Lillehagen og Halvorsen er på skjermen.

Hysterisk morosamt
Lillehagens sine mislukka forsøk på å uttale “infiltratør” og “Ringnes” korrekt er eit enkelt, men hysterisk morosamt knep som passar karakteren utmerka. Og for ein karakter han er! Ein overtent klums frå Fredrikstad, med både mindreverdskompleks og markeringsbehov i bagasjen. Det legg verkeleg opp til god underhaldning.  

Når ein i stor grad baserer karakterar på stereotypiar, er ein nok avhengig få fram fleire sider ved karakterane for at dei skal halde fram med å vere morosam og interessant. Mange av dei gode vitsane og poenga vart jo allereie brukt i dei to første episodane, og særleg Lohrengren er nok ein litt i overkant forutsigbar klisje. Det oser ikkje akkurat originalitet av klysete pappagutar.

I “Førstegangstjenesten” finn ein humor for einkvar smak. Her er karakteren Ahre-Ketil Lillehagen. Opphavsrett: NRK / Foto: NRK

I “Førstegangstjenesten” finn ein humor for einkvar smak. Her er karakteren Ahre-Ketil Lillehagen. Foto: NRK.

Flesvig klarar rett nok å redde dette litt inn med tidvis god dialog og artige hendingar. Lohrengrens bestilling av ein flyttbar festival-do og take away på militærøving i skogen er utvilsamt både uventa og svært morosamt.  

Ikkje berre klovnar
Alt i alt er “Førstegangstjenesten” ein bunnsolid komiserie som det er absolutt verdt å sjå. Og sjølv om nokre av karakterane er veldig satt på spissen, viser dei utover episodene likevel mange menneskelige og sårbare sider som ein som publikum kan kjenne godt att.

At Herman Flesvig er eit humortalent av dei sjeldne, er det ingen tvil om. I “Førstegangstjenesten” evnar han på ein imponerande måte å få fram humoren i menneskets tragiske feil og manglar. Og gjennom å gi karakterane meir truverd, blir dei til gjengjeld enda bedre – og ikkje minst artigare.