Shakespeare & digital dating
Artikkel – Lasse Styve Andersen
Datingapplikasjonar får ofte kritikk for å vera for opptatt av sex. Brukarane er nesten oppfordra til å ta del i kulturen. Men er det eigentleg grunnlag for kritikk? Me ser på kva sosiologien kan bidra med i å forstå kulturen og kva Shakespeare kan fortelja oss om moderne kjærleik.
For drøyt to år sidan byrja eg å skrive ei bacheloroppgåve i medieproduksjon. Ordet ‘medieproduksjon’ er i dette tilfellet litt missvisande, kall det heller medievitskap eller sosiologi. Me kunne nemleg skrive om kva me ville, einaste kriteriet var at det måtte omhandla eit «mediefenomen». Eg stod da fritt til å velja alt medie-verda hadde å by på, og kva er vel meir interessant enn å gå i dybden på noko me alle har høyrd om, noko me alle har prøvd, men som me kanskje ikkje alltid tar heilt seriøst? Eg landa derfor på datingapplikasjonar, da hovudsakleg Tinder.
Ein kan jo spørja kva datingapplikasjonar har med Shakespeare å gjera. For sjølv om det er rundt 400 år mellom desse to så er mykje av det Shakespeare skreiv framleis svært relevant. Shakespeare var på mange måtar den fyrste til å skildra det ‘moderne menneske’. Mykje av det me i dag ser på som ‘naturleg’ kan ein finna eit vagt opphav frå i Romeo og Julie, Macbeth, og Hamlet, for å nemna nokre få. Dei ‘naturlege ideane’ det ofte er snakk om omhandlar menneskeleg natur, individualitet, kjærleik, etc. Men det som vart mest relevant for mi eiga bacheloroppgåve var ideane om sjølvet og korleis me vel å presentera oss ovanfor andre.
Det er i Som du vil, skrivet rundt 1599, at me finn eit godt eksempel på kva Shakespeare tenkjer rundt menneskeleg åtferd og selektiv presentasjon; «All verda er ei scene, og menn og kvinner berre opptrer der, dei går av scenen og dei gjer entré, og i sitt liv gjer mannen mange roller...». Dette med at ein har mange ulike rollar vekkjar kanskje nokre minner frå psykologi-timane frå vidaregåande, og det med god grunn. For det er nemleg slik at mykje av Shakespeare vart brukt som utgangspunkt av mange sosiologar som forska på menneskeleg åtferd.
Teorien som tar mest nytte av Shakespeare er den dramaturgiske modellen til Erving Goffman. Når ein møte andre ansikt til ansikt vil ein, ifølgje Goffman, prøva å manipulera måten ein blir oppfatta på. Dette møtet vert ofte referert til som eit teaterstykke der ein forandrar på talemåte og utsjåande for å bli oppfatta på ein meir flatterande måte. Goffman kallar det «frontstage», delen me vel å visa fram, samstundes vert den private delen kalla «backstage». Tinder blir da vårt digitale «frontstage», også kjend som eg-et.
Så kvifor gjer me det slik? Kva er det me får ut av slik selektiv sjølvpresentasjon? Sosiologien fortel oss òg at det er eit samspel mellom «frontstage» og «backstage», som George Herbert Mead kalla «meg» og «eg». Ifølgje Mead kan ikkje eg-et og meg-et eksistera utan kvarandre og er derfor avhengig av at begge vert stimulert. Det er her linken mellom Shakespeare og Tinder begynna å ta form. Grunnen til at me i det heile tatt nytta Tinder og andre datingapplikasjonar, eller sosiale media generelt, er fordi me har ein viss agenda, ein slags ide om kva me er ute etter.
I bacheloroppgåva nytta eg meg av ei rekke intervju av tinder-brukarar, der det vart svært tydeleg kva målet til dei fleste var; sex. Som Mead, Goffman og Shakespeare var innom, så spelar me ulike roller for å opna ulike mål, altså me framstiller oss selektivt. Tinder er eit spesielt fenomen ettersom den primære bruken av den er ‘dating’, og brukarane har ein felles forståing av at dette er det den skal brukast til. Rollane me går inn i er derfor basert på kun eit spesifikt mål. Kjærleik og nærheit er noko av det «eg» treng, og som «meg» skal kunne oppnå.
Mykje av kritikken rundt Tinder er at det har blitt ein sex-app, der det er forventa at ein skal delta i kulturen der sex blir sett på som ein sport. Men er det eigentleg så overraskande? For til og med i Shakespeares Othello vert temaet tatt opp av karakteren Emilia; «... La menn få vita at koner og har sansar, ser og luktar som dei, at dei har smak for søtt og surt som mannfolk har. Kva er det vel dei gjer når vi blir bytt med andre? Er det leik? Eg trur det er. Blir leiken fødd av lyst? Eg trur han blir. Og fell dei av sin veikskap? Slik er det òg. Har ikkje vi òg lyst? Og trong til leik? Og veikskap, slik som menn? Pent må vi stellast, elles skal dei sjå: vi lærer oss den synd dei sjølv finn på.» Det er mykje i dette vesle utdraget ein kan analysere, men det er særlig ordet «leik» som vekkjar min interesse.
Å behandla kjærleik, forhold og sex som ein leik vert ofte tilfellet på datingapplikasjonar, men det var allereie eit viktig tema for det tidlige «moderne» mennesket. Shakespeare fortel oss, gjennom sine mange teaterstykke og sonettar, at me menneske alltid har hatt eit behov for kjærleik. Om det så skulle vera i sin fulle ekteskapsform eller i sin simple seksuelle form så har det alltid vert eit mål. Me presenterer oss ulikt for å oppnå dette målet slik som me alltid har gjort, einaste forskjellen er at dette no føregår i større grad på Tinder.