Koronaviruset: Kultur-Norge vert satt på pause
Nyhetsartikkel - Lasse S. Andersen
Beredskapsnivået i hovudstaden har no gått opp til nivå 3. Dette vil sei at det blir gjort nye tiltak for å stoppa spreiinga av koronaviruset, som vil ha direkte konsekvensar for kulturlivet.
Arrangement vert avlyste
Etter at antall smitta auka kraftig tidlegare denne veka anbefalte Folkehelseinstituttet (FHI) å avlysa eller utsetta arrangement med over 500 deltakarar, og alle med over 100 må ha godkjenning av kommunen. Det vert og krevd at alle arenaer og serveringsstader med ståplassar skal leggja tilrette for at det kan holdast 1 meter avstand frå kvarandre.
Fleire store arrangementer rundt om kring i Norge vert derfor utsatt på ubestemt tid eller avlyst. I følgje Aftenposten vert bl.a. desse arrangementa i Oslo-området påverka:
Ved Nationaltheatret vert alle arrangement og forestillingar avlyst fram til søndag 15. mars.
Oslo konserthus avlyser alle arrangement med over 500 deltakarar, og vurderar framtidige arrangement fortløpande.
Forestillingar ved den Norske Opera og Ballett 11. mars vert avlyst og framtidige arrangement vert vurdert fortløpande.
Det Norske Teatret avlyser alle arrangement med over 500 deltakarar.
Munchmuseet vert stengt fram til 25. mars.
Art Night ved Astrup Fearnley museet vert avlyst, museet vert òg stengt fram til mandag.
Universitetet i Oslo avlyser alle arrangement.
NRK-innspelingar vil fortsette som vanleg utan publikum.
I resten av landet vil kinoar vurdere å halvera billettsalet for alle framsyningar framover, samstundes er fleire landsdekkande arrangement som The Gathering på Hamar og “Russe-kick off” i Bergen avlyst.
Les også: Coronaviruset setter en stopper for den nye James Bond-filmen
Krise for kulturlivet
CREO, forbundet for kunst og kultur, har bedt Kultur- og likestillingsminister Abid Raja om krisehjelp. Skal artister og arrangører unngå å bli hardt ramma økonomisk må det komme ei krisepakke for desse i følge Dagsavisen.
CREO foreslår ei kompensasjonsordning for dei som vert ramma ved stenging og/eller avlysning av arrangement. Ordningen må omfatta både arrangementsarrangør, underleverandørar og musikarar/kunstnara/artistar. Dei foreslår òg ei ordning tilsvarande dagpengar for sjølvstendig næringsdrivande innan kunst.
Så langt, innan 11. mars klokka 20.30, har 489 personar i Noreg testa positivt på koronavirus, ifølgje Folkehelseinstituttet.