Kulturdepartementet presenterer ny model for mediestøtten

Nyhetsartikkel - Lasse S. Andersen

Tirsdag førige veka varsla Kulturdepartementet at dei kom til å senda inn eit nytt lovforslag om mediestønad ut på høyring. Departementet foreslår at det skal etablerast eit nytt system som skal gjelda for både NRK og den direkte mediestønaden. Dette vil da innebere eit nytt uavhengig forvaltningsorgan – Mediestøtterådet.

Trine Skei Grande under presentasjonen av Mediemeldingen 2019 ved IMK.Foto: PRESSET.

Trine Skei Grande under presentasjonen av Mediemeldingen 2019 ved IMK.

Foto: PRESSET.

I følgje kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande vil dette styrka nyheitsmedia, samt sikra at Noreg framleis har eit mangfald av uavhengige, redaktørstyrte journalistiske medium.

I forslaget står det at kvart år etter stortingsval vil Kulturdepartementet komme med forslag om korleis den økonomiske ramma for NRK og mediestønaden skal sjå ut. Hensikta er å forplikta Stortinget utover kvart budsjettår som da vil støtta uavhengigheten og forutsigbarheita for stønadsmottakarane.

Tre hovudelement

Kulturdepartementet legg vekt på tre element dei sjølv meina er kjernen i forslaget:

-       Det skal lovfestast ein modell med fireårige styringssignal for den økonomiske ramma for mediestønaden.

-       Dei mediepolitiske virkemidla gjennomgåast samla kvart fjerde år.

-       Det vil opprettast eit uavhengig forvaltningsorgan, Mediestøtterådet.

Delar av grunnen til opprettinga av Mediestøtterådet er å sikre større avstand mellom media og politikk. Oppgåver vil derfor bli flytta frå Kulturdepartementet til Mediestøtterådet. Dette inkludera blant anna fordeling av økonomiske midlar mellom dei ulike organa og utforming av regelverk. Rådet vil vera eit «kollegialt forvaltningsorgan» med sju medlemar.  

Les også: Mediemeldingen er lagt frem

Stiller seg skeptiske til forslaget

Norsk Journalistlag, Norsk Redaktørforeining og fleire redaktørar har stilt seg skeptiske til forslaget, skriv Medier24. Ein handfull av enkeltpersoner vil få makta til å la enkeltaviser leva eller dø, seier redaktøren i Vårt Land, Bjørn Bore.

Sidan utdelinga av mediestønaden skal bestemmast på nytt kvart fjerde år, vil det i praksis bety at stønaden vil kunne variera for kvar periode.

Høyringsfristen for forslaget er satt til 17. januar 2020