NRK får kritikk for «Radioresepsjonen»-innslag
Nyhetsartikkel - Lasse S. Andersen
Førige veke vart det mykje oppstyr rundt «Radioresepsjonen» og spalten deira «Flauhetskonkuranse» etter at komikar og programleiar Tore Sagen leste opp eit notat om klima og rase. Både NRK og «Radioresepsjonen» har fått kvass kritikk i sosiale media etter episoden.
Meint som angrep på rasistar og klimaskeptikarar
I «Flauhetskonkuranse» er føremålet å presentera eit innslag eller scenario for dei andre programleiarane for å så gjera dei så flaue som mogleg, og blir deretter tildelt «flauhetspoeng». Notatet Sagen las opp var rasistisk av natur og var eigentleg meint som eit angrep på rasistar og klimaskeptikarar. Dette vart presentert som eit internt notat som han ikkje tidlegare har turt å leggja fram. I notatet nyttar han ordet «neger» og fleire rasistiske utrykk, samtidig som han snakkar nedlatande om innvandrarar og refererer til dei som ein uintelligent rase. Han avsluttar innslaget med å laga ape-lydar.
Sagen har presisert i etterkant at dette var meint som satire og er ikkje representativt for hans politiske standpunkt.
Forsvarar seg på sosiale media
På Twitter og Instagram har Tore Sagen forsvart seg og har i eit intervju med VG sagt at han ynskjer å fjerna innslaget. Han har òg fått støtte av kanalsjefen i P13, som forsvarar innslaget men som støttar avgjersla om å fjerne det.
Når likevel så mange blir lei seg, så heilt ok å ta det bort. Vi ønsker sjølvsagt å vera omsorgsfulle. Da er det greit å ta det bort, seier han til NRK.
Han anerkjenner også at språkbruken til Sagen var nokså uvanleg og kan ha overskygga den eigentlege hensikta.
Sagen seier til VG at:
- Ja, siden dette ble misforstått, er det bedre å ta det bort enn at folk skal bli lei seg av det. Men intensjonen var å vise at rasisme og klimafornektelse er det flaueste jeg vet om. Det var motivet.