TV 2 har brote to av krava som allmennkringkastar

Artikkel – Lars Daniel S. Tenfjord

Brot på lokaliseringskrav og for lite sendetid i kategorien religion og livssyn. Medietilsynet fastslår at TV 2 har brote to av krava i avtalen om kommersiell allmennkringkasting.

TV 2 vil måtte belage seg på ein lavere kompensasjon etter brot på avtalen om allmennkringkasting. Foto: Aleks Dorohovich / Unsplash

TV 2 vil måtte belage seg på ein lavere kompensasjon etter brot på avtalen om allmennkringkasting. Foto: Aleks Dorohovich / Unsplash

Avtalebrot

Frå 1. januar 2019 har TV 2 hatt ein avtale med staten, der dei tek på seg plikter som allmennkringkastar – i byte mot ein økonomisk kompensasjon. Dersom TV 2 oppfyller krava i avtalen vil dei kunne motta inntil 135 millionar kroner i kompensasjon frå staten for å dekke deler av allmennkringkastingsoppdraget.

Denne avtalen skal blant anna sikre norsk mediemangfald, samt gi NRK konkurranse i mediemarknaden. I tillegg skal den sørge for at det blir produsert og sendt riksdekkjande nyheiter utanfor Oslo.

No har Medietilsynet konkludert med at TV 2 har brote to av punkta i avtalen med staten. Nærmare bestemt dreier dette seg om brot på lokaliseringskravet og om sendetid innafor programkategorien religion og livssyn.

– Ettersom majoriteten av dei redaksjonelle medarbeidarane ved hovudredaksjonen i Bergen ikkje var på plass før 1. august 2019, har TV 2 brutt ein del av lokaliseringskravet, bekreftar Mari Velsand i Medietilsynet.

I Allmennkringkastingsrapporten 2019 vurderer Medietilsynet NRK og TV 2. Foto: Skjermdump Medietilsynet

I Allmennkringkastingsrapporten 2019 vurderer Medietilsynet NRK og TV 2. Foto: Skjermdump Medietilsynet

Fornøgd med tilbodet

Trass dette brotet oppgir Medietilsynet at dei er godt nøgd med TV 2 sitt tilbod. Dei meiner at TV 2 har levert eit breitt og variert programtilbod i 2019, med blant anna fleire nye norskspråklege program, og større satsning på eigenprodusert gravande journalistikk. 

– TV 2 leverte eit solid allmennkringkastingstilbod i 2019, men braut to av krava, konkluderer Medietilsynet.

Lokaliseringsbrotet vil føre til ein redusert kompensasjon. Kor mykje kompensasjonen vil bli redusert er uvisst. I utgangspunktet skal det vere på det beløpet kanalen har spart ved å ikkje oppfylle forpliktingane.