NRK feirar kjærleiken med historisk sending

Artikkel - Ragnhild H. Eikeland

Årets Pride-feiring var ikke bare historisk i korona-hensyn, men også som en av de viktigste hendelsene i nyere, norsk mediehistorie. Foto: Teddy Österblom / Unsplash

Årets Pride-feiring var ikke bare historisk i korona-hensyn, men også som en av de viktigste hendelsene i nyere, norsk mediehistorie.
Foto: Teddy Österblom / Unsplash

Sommarmånadane er ei tid for kjærleik. Varme, solfylte dagar i ro og mak blir ein glad av. Er ein heldig, kan ein også rekke å bli glad i andre, om kanskje berre for ein sommar. Medan du og sommarflørten var oppslukte av kvarandre, kan eit mediehistorisk augneblink i norsk allmennkringkasting gått de hus forbi. I sommar gjekk nemleg NRKs aller fyrste «Pridefest» av stabelen, og dette på høg tid.

Historisk sending

25. juni 2021 blei endeleg dagen då NRK skulle dekke Oslo Pride med direktesendt TV.

Den 1 time og 39 minutt lange sendinga tok tempen på feiringa i hovudstaden, i tillegg til lokale feiringar frå resten av landet. Slik det kjem til uttrykk frå både yngre og eldre i programmet, er dette ein milepæl for det norske skeive miljøet. I rolla som Noregs einaste offentleg eigde allmennkringkastar, har ei slik sending mykje å seie for NRK. For det første, viser NRK kva verdiar dei står for når det gjeld inkludering av mangfald og identitet i sitt innhald. For det andre, kan programmet bidra til å synleggjere og normalisere det skeive miljøet for nordmenn over heile landet. Alt rett gjennom TV-skjermen.

Viktig for NRK

Grunna den berømte pandemien vår, gjekk årets Pride-feiring føre seg både i gatene og i den digitale verda. På sosiale plattformer som til dømes Instagram, kunne ein bla gjennom regnbogefarga postar og Stories i emneknaggar som #OsloPride2021. Pride-feiringa var dermed særs synleg på digitale plattformer, ei storhending mange tok del i og fekk med seg.

Likevel, har det seg slik at ikkje alle nordmenn er på sosiale media. I tillegg, er ikkje alle på den «same sida» av sosiale media, men får mykje av det same innhaldet opp att. Som allmennkringkastar har NRK ei gyllen moglegheit til å nå ut til nærmast kvar ein nordmann med lineær-TV i hus. Ikkje minst, har også statskanalen eit viktig ansvar når det gjeld å representere mangfaldet i den norske befolkninga gjennom medietilbodet sitt. På TV-fronten har det skeive miljøet lenge gått under radaren hos NRK. Dermed, er det på høg tid at eit slikt program får si historiske tilverting.

Programleiarane Benjamin M. Silseth og Silje Nordnes uttrykte stor glede over den historiske sendinga.  Foto: Cato Ingebrigsten / NRK

Programleiarane Benjamin M. Silseth og Silje Nordnes uttrykte stor glede over den historiske sendinga.
Foto: Cato Ingebrigsten / NRK

Kan nedkjempe fordommar

Historisk sett, har det vore Pride-markeringar i Noreg heilt sidan fyrste Oslo Pride blei arrangert i 1974. Hovudstaden kan riktig nok kallast for Noregs navle på fleire vis, men byen representerer langt ifrå mangfaldet i vårt langstrakte land. Sjølv om «Pridefesten» sitt hovudfokus var å dekkje Oslo Pride, var det også eit mål om å inkludere innslag frå alle krikar og krokar av landet. Programundertitlar som «Hilsener fra landet», «Bergen Pride», og «Traktorpride», var blant innslaga i denne kategorien. «Pridefest» kan bidra til å inspirere distrikts-Noreg til å arrangere liknande lokale arrangement. I det store og heile kan ein håpe at programmet vil bidra til å nedkjempe fordommar i små bygdesamfunn.

Eit meir inkluderande NRK

NRKs «Pridefest» er ikkje berre ein av høgdepunkta i norsk mediehistorie, men også historisk for resten av Norden. Noreg er nemleg det fyrste landet i Skandinavia som dekkjer Pride med eit slikt program. Ein må heller ikkje gløyme NRKs sending av id-feiringa i fjor. Dette var fyrste gong den muslimske høgtida blei televisert i heile Vest-Europa. Dermed kan mykje tyde på at NRK ynskjer å gå fram som eit døme på kva god, inkluderande allmennkringkasting burde vere. Lat oss håpe at «Pridefest» vendar attende hos statskanalen også neste sommar!