#Kampenfortsetter

Sterke inntrykk utanfor London Pub dagen etter terrorhendinga natt til 25. juni. Foto: Ragnhild Eikeland.

Artikkel - Ragnhild Eikeland

Det er diverre ikkje berre sol og glede som prega sommarens mediebilete når ein ser tilbake. Juni månad, eller rettare sagt heile sommaren, som so langt var farga av regnbogar blei brått grå etter hendinga natt til 25. juni i Oslo sentrum. 50 år etter avkriminaliseringa av homofile blei vi att minna på at #kampenfortsetter.

Ei spesiell Pride-feiring

Året er 1972. «Utugtig omgjængelse» mellom menn kan straffast med inntil 1 års fengsel. I april månad same år er også då denne sokalla «homoparagrafen» blir oppløyst. Ein siger for norske homofile. To år etter, i 1974, blir Pride markert for første gong i Oslo. Vi hoppar 50 år fram i tid. Året er 2022. Denne pride-feiringa vil bli heilt spesiell. Ei jubileumsfeiring som markerar avkriminaliseringa av homofili i Noreg.

Feiring for alle

Arrangement over heile Oslo by skulle gjere feiringa opp mot sjølve paradedagen tilgjengelig for alle. Oslo Pride slo på stortromma og hadde eit stjernespekka program under Pride Park i Spikersuppa, heilt gratis! Her kunne ein oppleve fantastiske konsertar av artistar som Cascada og Keiino. Arrangement som Pride Park stod i sterk kontrast til kva som skulle skje seinare den veka.

Terror

Natt til 25. juni skjedde det utenkjelege. Ein gjerningsperson fyrar av skot mot blant anna London Pub, ein kjend utestad for homofile. To blir drepne og fleire skadd. Terrorhandlinga sat ein stoppar for Oslo Pride-paraden som skulle gå av stabelen laurdag 25. juni. Politet såg det ikkje trygt å gjennomføre paraden slik sikkerheitsbiletet såg ut etter skytinga.

Ein person i vindauget ser over folkemengdene som har samla seg i krysset til Rosenkrantz gate. Foto: Ragnhild Eikeland.

"Å elske er en menneskerett" delte Amnesty Norge på Instagram. Foto: Skjermdump privat.

Pride Park var open for alle under Oslo Pride. Foto: Ragnhild Eikeland.

Svara med kjærleik

Sjølv om myndigheitene kunngjorde at det ikkje var trygt å gjennomføre Pride-paraden, dukka det likevel tusenvis av folk opp for å gje klar beskjed; “Kampen fortsetter!”

Folketoget stoppar i krysset til Rosenkrantz gate der terroren fant stad. Dei aller fleste har mobilen i handa. Nokon sender snaps, medan andre legg ut stories på Instagram. Gatene fyller seg raskt opp av regnbogeflagg og ropa frå folkemengdene gjallar mellom gatebygningane. Alle augneblink fangast opp av mobiltelefonar, kamera eller journalistar.

Regnbogar i feeden   

Hendinga prega mediebiletet sterkt i vekene som følgde. Ikkje berre møtte ein dramatiske overskrifter når ein besøkte nettsidene til norske nyheitsaktørar, saka rysta også internasjonale medier. På sosiale plattformer som Instagram florerte det emneknaggar som #kampenfortsetter og #aldrinokpride.

Foreninga FRI og Oslo Pride oppmoda alle til å markere Pride i sine lokale miljø rundt om i landet og dele dette i sosiale medier med emneknaggen #walkwithpride. Slik fungerte sosiale medier samlande for alle skeive nordmenn som kjende seg meir åleine og sårbare enn før. Ein fargerik feed blei eit trygt syn for dei som valde å følge politiets råd og halde seg heime.