Populisme, fotball og Donald Trump

Artikkel - Lars Daniel S. Tenfjord

Kva har ein karismatisk fotballtrener til felles med Donald Trump? I denne artikkelen ser eg på populisme med eit idrettslig skråblikk.

Ein karismatisk leiar kan ha stor påverknad på menneske. Foto: Miguel Henriques / Unsplash

Ein karismatisk leiar kan ha stor påverknad på menneske.

Foto: Miguel Henriques / Unsplash

Er populisme blitt ein trend?

Populisme er eit omgrep som ein stadig vekk kjem over både i norske og i internasjonale medium. Ofte blir populisme, både som omgrep og fenomen, brukt i det vide og breie for å kommentere ulike tendensar i samfunnet.

I Noreg blir populisme ofte omtalt som noko negativt, der ein gjerne tenkjer på kontroversielle og fritalande politikarar, godt plassert på høgresida. Donald Trump er vel det nærmaste ein kjem eit skulebok-eksempel på ein populist. Han delegitimerer all motstand, og hevder å vere folkets talsmann og frelsar i kampen mot korrupte elitar.

Og i landet Donald Trump framleis er president over, så er folket langt i frå så skeptisk til populismen, som oss nordmenn. I USA har nemleg populismen historiske røter tilbake til 1890-talet, då The Populist Party, eller Folkets parti vart danna.

Partiet skulle beskytte rettane til borgarane, og også i dag er mange amerikanarar som meiner at populismen beskyttar folket mot korrupte elitar.

Donald Trump blir av mange sett på som ein populist. Foto: Library of Congress / Unsplash.

Donald Trump blir av mange sett på som ein populist.

Foto: Library of Congress / Unsplash.

Og akkurat der finn ein mykje av kjerna i populismen.

Mange er nok samde om at populismen dreier seg om ein slags konflikt mellom folket og etablerte autoriterer i samfunnet.  Eit slags ”oss” mot ”dei”. Gjerne personifisert gjennom ein sterk og karismatisk leiar som til dømes Donald Trump. Men også mange norske politikarar skuldar stadig vekk kvarandre for å vere populistar.

Men er det nøvendigvis negativt å vere populist? Her til lands blir det nærmast brukt som eit skjellsord.

Populisme gjennom idrett

For å forstå populisme, og den effekten denne tankeretninga kan ha i samfunnet, kan det vere hensiktsmessig å samanlikne det med noko som er litt enklare å forstå – nemleg idretten.

 Ja, du las faktisk rett.

Tenk på det å heie på eit fotballag. Du har sterke kjensler knyt til klubben, noko som igjen kan vere med på å skape ei sterk tilknyting og kjensle av tilhøyrsle til ei gruppe menneske. Dersom du er på ein stadion eller pub for å sjå fotballkamp, så held du deg gjerne saman med andre som heier på det same laget. Du oppsøker dine eigne.

Og litt det same er det i politikken.

Særleg tydeleg er dette i USA, der ein berre har to dominerande politiske parti. Du har demokratar mot republikanarar, og mange skildrar eit land som er splitta. Det politiske landskapet, med både positiv og negativ innblanding frå media, er blitt svært polarisert.

”Oss” mot ”dei”-mentalitet fungerer bra på idrettsbana, der det udiskutable målet å vinne. Politikarar skal også vinne, men dei har først og fremst eit ansvar for å tene folket.

Og tener du verkeleg folket dersom du aktivt sett dei opp i mot kvarandre? Kva skjer om to karismatiske leiarar fyrer opp dei lokale, hardbarka arbeiderklasse-supportarane til Manchester United og Liverpool i forkant av ein kamp? Jo, da ryk dei mest sannsynleg i tottane på kvarandre.

Det same kan skje dersom ein fotballtrener fyrer opp spelarane sine før ein viktig kamp. Kanskje fortel han til og med løgnar om motstandarlaget? Dette hadde i alle fall ikkje vore så veldig ulikt ein viss president over dammen.

Men som politikar har ein eit større samfunnsansvar, og det er galt å skape splid og usikkerheit – for så å sjølv stå fram som den som skal frelse folket frå ein “korrupt elite”. 

Politikarar har eit stort ansvar.

Som den avdøde TV-personlegdomen, songaren og journalisten Erik Bye sa så klokt i filmen Giganten frå 2005;

– Politikarar må ein gong lære, både i Noreg og andre stadar at dei ikkje er våre herrar i demokratia. Og det skal dei vere klar over, kvar einaste dag dei vaknar, og kvar einaste kveld dei går å legg seg – at dei er våre tenarar. Dei er folkets tenarar! Dei skal stå i giv akt, for oss – i demokratiet. Det er nokre av dei som trur dei har blitt herrar, men der må dei ein gong lære at dei tek feil. Visst ikkje så er demokratiet berre dillball.

Kor vidt populismen har skuld i den tidvis polariserte politiske debatten, og i kor stor grad den er problematisk for demokratiet er vanskeleg å seie. Delvis er det vanskeleg å seie fordi populisme er eit omgrep som nærmast blir kasta rundt og som kan bety både alt eller ingenting. Det finst også ulike retningar innafor paraplyen populisme.

Verken positivt eller negativt?

Men populisme er neppe berre negativt eller positivt.

På sitt beste kan det nok vere eit frisk pust og fungere som eit tilskot til demokratiet, men om du går til innkjøp av Donald Trumps retoriske handbok vil det nok dessverre kunne få motsett effekt.

Ein karismatisk leiar, med ein retorikk som skapar frykt og splid er skummelt.

Og når ein framstillar seg sjølv som frelsar frå det korrupte og vonde, så har historia fleire gongar vist kor galt det kan gå.

Men kritiske samfunnsspørsmål og ein konstruktiv opposisjon er det liten tvil om at vi alle har godt av.