NRK-rapport utløyser debatt

Artikkel - Ragnhild H. Eikeland

2021 har vist seg å bli endå eit koronadominert medieår. Du har sikkert nytta deg av nettaviser for å få med deg siste nytt om pandemiens mange vendingar. Kva som skjer på den mediepolitiske fronten kan vere like viktig å få med seg. På tampen av året publiserte Medietilsynet ein rapport om NRK si rolle i mediemangfaldet, blant anna med fokus på statskanalens digitale nyheitstilbod. Vurderingane utløyste omstridd debatt.

Stadig fleire nordmenn konsumerar nyheiter digitalt. Foto: Robin Worral / Unsplash

Fersk NRK-rapport

I ei utgåve som ser tilbake på medieåret 2021, er det interessant å sjå til meir mediepolitiske saker også. 29. november blei den ferske NRK-rapporten høgtidleg overlevert til kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen frå direktør i Medietilsynet, Mari Velsand. Medietilsynet presenterer ei rekke anbefalingar for NRK si rolle i det norske mediemangfaldet. Av kulturrelaterte anbefalingar foreslår Medietilsynet at kringkastaren synleggjer kulturinnhaldet på plattformene sine i endå større grad. Blant anna er det krav til 40 prosent norsk musikk i endå fleire radiokanalar hos kringkastaren. I tillegg bør NRK fremje samisk musikk og språk betre, og fokusere på å tilfredsstille kravet om nynorskandel. Utover kulturrelaterte punkt, var det vurderinga om NRKs digitale handlingsrom som skapte omstridd debatt blant kommersielle nyheitsaktørar.

“NRKs bidrag til mediemangfoldet”

Rapporten «NRKs bidrag til mediemangfoldet», blei utarbeidd av Medietilsynet på oppdrag frå Kulturdepartementet. Ein slik rapport blei sist utført i 2018. Dersom ein samanliknar funna i rapporten frå 2018 med den frå i år, er resultata noko like. Mellom anna kjem det fram at NRK bidreg like positivt til mediemangfaldet i år som i 2018. Ei tydeleg endring dei siste åra er eit forsterka NRK på den digitale nyheits- og aktualitetsmarknaden. Konkurransepresset frå NRK har dermed auka noko overfor andre norske kommersielle nyheitsaktørar. Medietilsynet meiner at det auka konkurransepresset ikkje trugar private aktørar då desse også har gjennomgått ei liknande positiv utvikling dei siste åra. Ifølge rapporten verkar det positivt på publikum å ha eit kombinert nyheitskonsum av digitale betalte kjelder og NRKs tilbod. Det auka konkurransepresset vil føre til betre tilbod til publikum, nærare sagt. Dermed vurderer Medietilsynet at det ikkje er grunnlag for å avgrense NRK sitt digitale handlingsrom på denne fronten. Slik det kom til uttrykk hos Medier 24 og Dagbladet, fall ikkje denne vurderinga i smak hos alle.

Omstridd debatt

Tidlegare sjefsredaktør i VG Bernt Olufsen, deltok i debatten med ein kronikk på Medier 24 der han skildra NRK som ein potensiell «ulv i fåreklær». Ifølge Olufsen kan NRKs frie digitale handlingsrom verke fordelaktig i konkurransen med dei kommersielle aktørane som må hanskast med ein Facebook- og Google-dominert annonsemarknad. Olufsen saknar eit fokus på korleis private aktørar opplever konkurransen frå NRK. Han meiner Medietilsynet sviktar å peike på korleis private nyheitsaktørar skal kunne konkurrere med ein statleg finansiert kringkastar med frie taumar på ein slik arena. Leiaravdelinga i Dagbladet uttrykte også stor misnøye med rapportens innhald, og fryktar at NRK kan få ei for dominerande rolle. Dagbladet meiner NRK-rapporten kan bidra til å dysse ned debatten om NRK si rolle i åra framover.

Medietilsynets forsvar

Som svar til Olufsen sin kommentar kom direktør Mari Velsand med tre punkt om kvifor NRK ikkje trugar mediemangfaldet. Ifølge Velsand tyder ikkje analysane på at NRK er den primære nyheitskjelda til nordmenn. NRK verkar heller som eit tilskot til nordmenns nyheitskonsum, heller enn eit val framfor andre nyheitskjelder. I tillegg vil ikkje eit digitalt nyheitstilbod frå NRK verke negativt mot nordmenns vilje til å betale for andre nyheitstilbod på nett. Til sist gjentek Velsand rapportens punkt om korleis kommersielle aktørar har sett ei positiv utvikling dei siste åra. Difor vil ikkje NRK vere ein trussel for private aktørar, heller ein likeverdig konkurrent. Velsands kronikk attfortel hovudpunkta i NRK-rapporten, i eit kronikkformat. Velsand sin respons kastar difor truleg ikkje nytt lys over debatten, slik private aktørar kanskje håpa på. Velsand lovar likevel nye analysar frå Medietilsynet før fire år er omme, dersom dette vert nødvendig.

Marknad i rask endring

Det er ingen tvil om at årets NRK-rapport bidreg til viktig debatt om det norske mediemangfaldet. Slik Olufsen og Velsand er einige om, utviklar mediemarknaden seg raskt. Det er digitale nyheitskjelder som gjeld framover. Ein slik positiv auke i digitale nyheitstilbod har ikkje berre blitt viktig i den usikre koronasituasjonen dei siste par åra, men også generelt for nyheitsmangfaldet. Det står att å sjå om vurderingane til Medietilsynet vil påverke dei kommersielle nyheitsaktørane negativt, eller om det vil føre til positivt konkurransepress. Uansett, er det opp til kvar av oss å halde oss kritiske til nyheitskonsumet vårt, anten det er Dagbladet, VG eller NRK.